Heavykatten sit på kafeen med walkmanen på og drøymer seg vekk til utlandet. Der er det mange andre som likar heavy, men her i byen er det berre han. No kjem ei som han ikke likar så godt, Discodansemusa. Ho er ei stor jåle som likar disco. Det er berre ein Heavykatten likar dårlegare enn Discodansemusa, og det er Pinnsvinet Phillip. Kvifor er det nettopp dei tre som er heime i ferien?

Roald Kaldestad er fødd i 1972 og bur på Stord. Han livnærer seg som musikar og forfattar, og er gitarist og låtskrivar i fleire band. Han debuterte som forfattar i 2000 med Heavykatten, Discodansemusa og Pinnsvinet Phillip. Året etter kom Reven Ruben, og i 2003 kom Polkagrisen, den tredje og siste boka om dei tre dyra.Dei to første har gått som høyrespel i Barnetimen for dei minste i NRK.